Ettermiddagskonsert med Josefin Winther trio

Josefin Winther er endeleg tilbake på Vesle Kinn! Med ein av dei mest spelte radiolåtane i Noreg har Josefin Winther introdusert seg sjølv som ein nasjonal artist å rekne med i åra som kjem. Berre...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
22.aug
2021
kl 17:00

Detaljer

Josefin Winther er endeleg tilbake på Vesle Kinn!

Med ein av dei mest spelte radiolåtane i Noreg har Josefin Winther introdusert seg sjølv som ein nasjonal artist å rekne med i åra som kjem. Berre eit år etter forrige utgiving var Josefin klar med nytt album i april 2021. Josefin Winther har sidan sin debut i 2006 hausta stor anerkjenning for sine liveoppkonsertar. Allereie som 19-åring fekk ho platekontrakt og ga ut EP samme år. Winther har sidan den gong gitt ut seks studioalbum, hausta strålande kritikkar og gjort suksess som låtskrivar, mellom anna med vinnarlåta til Noreg i MGP 2014.

Etter ha gitt ut fire album på engelsk, blei den norskspråklege debuten «Uendelig lys. Uendelig mørke.» løfta frem som eit kunstnerisk vendepunkt. I 2020 følgde ho opp suksessen på morsmålet, med EPen "Helt hel". Denne mottok særs gode kritikkar, og singelen "Fint å se deg her" gikk rett inn på P1s spelelister. Det nye albumet inneheld fleire sterke singlar og nye meir eksperimentelle låtar. Her viser Winther at ho er irørsle og søkjer nye uttrykksformer, samtidig som hun held fram med å markere seg somein av dei sterkaste låtskrivarane i Noreg.

Ho er kjend for eit liveformat som blir skildra som «rystande bra», der mange løftar fram den unike kombinasjonen av personlege fortellingar, humor og popkunst formidla på ein storslagen måte. Josefin Winther turnerer med dei to svært erfarne musikarane Ronny

Yttrehus (gitar) og Reidar Frugård Opdal (keys), og saman har dei utvikla eit sound som opplevast som stort og fyldig, samtidig som dei boltrar seg i nærheit, speleglede og spontanitet.

Med albumet «Uendelig lys. Uendelig mørke.» (2019) sette Josefin Winther ein nystandard, både i tekstleg, visuelt og musikalsk landskap. Å debutere på norsk har forløyst myke kreativitet. Tre norske utgjevingar på eit og eit halvt år, glimrande mottakingar, radiolisting og hyppige konsertar, er eit uttrykk for ein skaparkraft som talar for seg sjølv.

Velkommen!

Praktisk info

Enjoy-kode: 780853
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.