Aktuelle alternativer
Detaljer
Leikarvollen Scene i Bøfjorden presenterer ESPEN LIND! Han har vunne 5 Spellemannprisar og hatt ein rekke hitlåtar i inn- og utland, og som artist har han turnert både solo og som ein del av superkvartetten Lind Nilsen Fuentes & Holm. Espen er også å sjå på TV kvar fredag kveld som mentor på TV2’s «The Voice». No er det tid for solo intimkonsert som byr på eit gjenhør med eit knippe av Espens mest kjende eigne låtar, samt ein og annan hit han har skreve for andre superstjerner, alt ispedd anekdotar om låtane og historiar frå eit langt liv i musikken si teneste. Fullstendig solo er han riktignok ikkje, for med seg på scena har han sin mangeårige medmusikant, den trønderske strengevirtuosen Skjalg Raaen frå Sambandet. (bandet til Åge Aleksandersen) Før Lind og Raaen entrar scena får vi stifte bekjentskap med Ingeborg Dønheim som skal framføre to songar og Øyvind Weiseth! Merk at det er unummererte sitteplasser! Velkommen til årets konserthappening!