Er vegen målet?

Nitti prosent av den motoriserte transporten vår er med bil. Noreg er blant dei mest bilavhengige landa i verda – og Bergen er ikkje noko unnatak. Bilen har styrt utviklinga av Bergen slik byen vår...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

13.feb
2021
kl 12:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 958460
Type
Virtuell
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Nitti prosent av den motoriserte transporten vår er med bil. Noreg er blant dei mest bilavhengige landa i verda – og Bergen er ikkje noko unnatak. Bilen har styrt utviklinga av Bergen slik byen vår er i dag.

Dette er bevisst politikk, meiner Ulrik Eriksen i boka Et land på fire hjul. Han viser korleis tilrettelegging for bilar har hatt store konsekvensar for planlegging, utbygging og busetting i Noreg, særleg i byane. Bilen i Noreg har gått frå å vere berre for dei velståande til det kanskje mest folkelege som finst. Ulrik Eriksen diskuterer bil og politikk med journalist og kommentator i Bergens Tidende, Hans K. Mjelva.

Er det nokon veg tilbake? Korleis skal Noreg, og Bergen, handtere transport og trafikk i framtida? Forskar Siddharth Sareen kjem på scena saman med Ulrik Eriksen for å diskutere bilfrie soner, Bybanen og kva framtida kan bringe. Dei siste minutta blir sett av til spørsmål frå publikum.

Kart