Ensemble EON

Argentinsk tango med innslag av norsk musikk Mara Haugen, fiolin Morten Norheim, saksofonar Martha Berit Belt, piano Det er duka for festaften når den unge kammergruppa frå Bergen hyllar Astor...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
23.apr
2021
kl 19:00

Detaljer

Argentinsk tango med innslag av norsk musikk

Mara Haugen, fiolin Morten Norheim, saksofonar Martha Berit Belt, piano

Det er duka for festaften når den unge kammergruppa frå Bergen hyllar Astor Piazzolla med musikk frå både Argentina og Norge. Råskap, melankoli og lidenskap – heile kjenslespekteret i tangoen kjem til sin rett i Piazzolla sin musikk.

Piazzolla vart verdskjent då han førte Argentina sin største folketradisjon frå dansegolvet og inn på konsertscenen. Med element frå både jazz og klassisk musikk oppstod noko heilt særeige; Tango Nuevo. Det er fengande, djupt og ærleg på ein gong.

Ensemble Eon har sett eit spennande utval av både kjende og mindre kjende skattar av det argentinske ikonet på programmet – samt nyare verk av Sverre Indris Joner og Gjermund Larsen spesielt arrangert for ensemblet.

Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

Praktisk info

Enjoy-kode: 559693
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.