star
star
star
star
star

Elvastien med Teglhaug, rundtur

Det er omlegging av Elvastien ved Jondal skule, pga. anleggsarbeid der. Det er skilta omveg rundt skulen. Skildring av tur Start frå turistinformasjonen: Nokre meter nordover (like før brua) er...
Foto: Steinar Smith

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 358542
Infotavle og start ved turistinformasjonen i Jondal sentrum. Har du bil, parkerer du på parkeringsplassar like etter start, eller bak Coop-bygget. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det er omlegging av Elvastien ved Jondal skule, pga. anleggsarbeid der. Det er skilta omveg rundt skulen.

Skildring av tur

Start frå turistinformasjonen: Nokre meter nordover (like før brua) er det skilta Elvastien, og ei lita informasjonstavle. Bak Coop tar du ein sti gjennom gammal frukthage og til venstre mot elva. Følg vegen til du kjem til ein liten motbakke, og ta til venstre mot elva. Ved elvebreidda går du til høgre langs elva til ei bru. Ved enden av brua kan du ta ein avstikkar, sjå nedanfor. Elvastien fortset over brua og på nordsida av elva tilbake mot sentrum. Du går forbi idrettsplassen og Viketunet museum før du tar til venstre mot sentrum. Turen går på asfalt og grus, og er eigna for rullestol/barnevogn. Det er fleire kvilebenkar langs stien

Avstikkar til Teglhaug (1-1,5 time, turen er gradert blå/middels): Ta av ved sørenden av gangbrua over elva, og gå opp til hovudvegen. Ta til venstre, og gå snautt 100 m. Ta til høgre og gå parallelt med hovudvegen til ein sving (skilta Tursti). Gå rett fram inn på god traktorveg. Dette er den gamle vegen mot Krossdalen som går over Leite. Etter vel 100 m er det sving/vegkryss, med skilt, der du kan velje retning på rundturen. Gå rett fram og over toppen (ca 600 m) til du finn skilt til Teglhaug på høgre sida av vegen. Gå over ei hogstflate oppover eit dalføre og inn i skogen til ei flate. Der er det skilt til høgre. Då er det 5 minutt til toppen av Teglhaug. Det er fin utsikt mot sentrum og fjorden. Gå tilbake til skilta på det flate partiet, og ta til høgre. Etter nokre hundre meter er det ei opning med fin utsikt og ein benk. Så er det bratt ned mot bygda. Du kjem ut på ein dyrka teig. Gå i venstre kant av denne og ut på nybygd veg. Følg vegen nedover til hovudvegen.

Sesong

Elvastien: Heile året Teglhaug: Mai - oktober/november

Råd for turen

  • Du kan gå i småsko på Elvastien
  • Turen langs Elvastien er tilrettelagt for rullestol
  • Mobildekning er god på heile turen
  • Det er bandtvang 1.april – 20. august
  • Ikkje kast søppel