Eliot Bronson | Svanøy Kro

De må vakne, Amerikanaren kjem! Eliot Bronson kjem tilbake til Svanøy i mai. Dette snodige sjarmtrollet som spelte og sang seg inn i øying-hjartene for få år sidan, er på Europaturne att. Denne...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.mai
2023
kl 19:00

Detaljer

De må vakne, Amerikanaren kjem!

Eliot Bronson kjem tilbake til Svanøy i mai. Dette snodige sjarmtrollet som spelte og sang seg inn i øying-hjartene for få år sidan, er på Europaturne att. Denne gongen saman med kjærasten sin (berre så de veit det).

Eliot Bronson har skapt sitt eige sound innafor Americanasjangeren. Han har vunne fleire utmerkingar for musikken sin, turnerer jamnt og trutt, og med si karakteristiske kraftfulle og inderlege stemme har han vunne hjarte over heile verda.

Eliot sjølv er ikkje verre på det enn at han seier Svanøy vann hjartet hans. Så då er det i det minste rettferdig lag, på ein måte.

Rutebåt frå Florø kl 14.30, og taxibåt med avgang kl 21.00 frå Svanøy. Billett til taxibåt kjøper du her på TicketCo saman med konsertbilletten :)

Det er ikkje matservering på Kroa for tida, men det går ann å kjøpe seg mat og snacks på butikken.

Velkommen på konsert!

Praktisk info

Enjoy-kode: 862940
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.