Elida Høgalmen x Singerheimen

Elida Høgalmen frå Oldedalen, er ein indiepop singer-songwriter med base i Bergen. I 2018 gav ho ut sin debut-EP ‘Past’, som fekk seks av seks hjerter i Bergens Tidende. Den vart i same anmeldelse...
10.mai
-
kl 19:30

Detaljer

Elida Høgalmen frå Oldedalen, er ein indiepop singer-songwriter med base i Bergen. I 2018 gav ho ut sin debut-EP ‘Past’, som fekk seks av seks hjerter i Bergens Tidende. Den vart i same anmeldelse kalla «en av årets fineste utgivelser». Nyleg var ho nominert til Luttprisen som årets artist frå Sogn og Fjordane. I november 2023 slapp ho sitt nye album ‘whoopsie daisy’. Førstesingelen frå plata, med tittelen ‘Modern Love’, fekk VG sin musikkanmeldar til å trille seksar på terningen. Han omtalte den som «en praktfull, drivende sak» av en vokalist det er «et helt unikt drag over». På ‘whoopsie daisy’ har det musikalske uttrykket utvikla seg eit stykke bort frå den tunge melankolien kjent frå tidlegare utgjevingar, mot meir rytme og driv. Element som går igjen er bossarytmer, orgel og og finurlege vokalmelodiar. Med skarp penn og sarkasme som verkemiddel, er frustrasjon over menneske si likegyldigheit eit tema som gjennomsyrar tekstuniverset. Elida har tidlegare spelt på festivalar som Vill Vill Vest, Øya (Klubbdagen), Trondheim Calling og Luttscena på Malakoff. Denne kvelden på Singerheimen spelar ho solo, og tar med ei blanding av ny og gammal sjølvskriven musikk.

Praktisk info

Enjoy-kode: 997673
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom, Barn, Eldre
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
10/05 2024 kl 19:30
Singerheimen Singerheimen Singervegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.