star
star
star
star
star

Eivindsete - på ei hylle mellom høge fjell

Frå Øystese køyrer du opp Fitjadalsvegen, inn langs Fitjadalsvatnen og fram til parkeringsplassen på Fete i enden av vegen langs Fitjadalsvatnet. Turen startar her frå Fete. Du fylgjer...
Foto: Halvor Torpe

Praktisk info

Enjoy-kode: 919737
Med bil, evntuelt på sykkel eller til fots for sprekingar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
4 timer
Lengde
4.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Øystese køyrer du opp Fitjadalsvegen, inn langs Fitjadalsvatnen og fram til parkeringsplassen på Fete i enden av vegen langs Fitjadalsvatnet.

Turen startar her frå Fete. Du fylgjer traktorvegen innover langs storelva til du kjem til Flatebotnane. Her er det langbord og benker om du treng ein liten rast. Vidare på T-merka sti nokre hundre meter innover langs elva til du kjem til ei bru. Du kryssar brua over elva, og tek dei bratte bakkane opp til den idylliske stølen Eivindsete.

Frå stølen er det eit flott utsyn over Fitjadalen og fjella rundt. På stølsvollen kan du nyte nista di.

Returen kan gå ned same veg som opp, men om du ynskjer ein annan lengre veg ned er det to alternativ.. Det eine går på sti nordvestover frå Eivindsete ned til Vossadalshola og inn på T-merka sti ned igjen.. Her passerar du den sjarmerande Geitastølen der du kan finne ly under tak om det blir vått.Eventuelt kan du gå andre vegen frå Eivindsete, på stien til Ruedal og vidare ned via Kløvet til baksida av Fitjadalsvatnet. Følg så stien tilbake langs vatnet til Fetet. Ein fordel med kart for å velge rett sti og gå rett i stikryssa.