Havserien: Eit hav av høve - Oppsider og utfordringar

Eit hav av høve: Oppsider og utfordringar - Boksamtale med noko attåt Tid: Onsdag 27. oktober kl. 17.00-18:00 Stad: MS Sandnes, på Skagenkaien Pris: 150 / 75 kr Er ikkje havet noko av det mest...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.okt
2021
kl 17:00

Detaljer

Eit hav av høve: Oppsider og utfordringar

  • Boksamtale med noko attåt

Tid: Onsdag 27. oktober kl. 17.00-18:00 Stad: MS Sandnes, på Skagenkaien Pris: 150 / 75 kr

Er ikkje havet noko av det mest uendelege ein kan tenke seg? Frå våre strender ser ein hav så langt auget rekk, som ei tilsynelatande utømmeleg kjelde til mat, råstoff og inntekter. Lenge har me likt å tru og tenke at havet er utan ende. At me kunne ta opp alt me måtte makte utan at det kunne merkast, at me kunne pøse tilbake alt me måtte lyste utan at havet sine kvalitetar blei svekka for andre. Men så er det altså ikkje slik.

Like fullt er havet ein fellesressurs som alltid har vore der, og som alltid vil vere der - med eit enormt potensial for å kunne møte store samfunnsutfordringar, som aukande matvarebehov, fornybar energi og lagring av CO?. Men berre om høva blir handtert med omhug. Om dette vil me samtale i ro og mak - med to forfattarar av bøker med havet som hovudtema, og ein møteleiar som brenn for kunnskap.??

Deltakarar:

  • Henning Røed, forfattar av boka «Et hav av muligheter: Hva skal vi leve av etter oljen» (Humanist forlag, 2020)
  • Per Anders Todal, forfattar av boka «Havlandet» (Vigmostad og Bjørke, 2018)

Møteleiar er Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger

PS! Havserien under KÅKÅ|nomics har tre arrangement:

  • Onsdag 27. oktober kl. 17.00: Eit hav av høve: Oppsider og utfordringar
  • Torsdag 28. oktober kl. 16.00: Berekraftig havbruk: Fleip eller fakta?
  • Fredag 29. oktober kl 16:00: Glad laks på grunn rente

Praktisk info

Enjoy-kode: 971611
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Kilde
LinTicket

Sponsede linker