Eit forbode mord i 1924

Du er hjarteleg velkomen til eit forbode mord - ein kveld med brennevinsforbod, showjenter, gjengoppgjer og mord i 1924. Du er velkomen til undergrundsbaren til Fat Stan. Det er 1924 og forbodstid...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.mai
2023
kl 19:00

Detaljer

Du er hjarteleg velkomen til eit forbode mord - ein kveld med brennevinsforbod, showjenter, gjengoppgjer og mord i 1924.

Du er velkomen til undergrundsbaren til Fat Stan. Det er 1924 og forbodstid i Chicago. Vi er halvvegs i laurdagsunderhaldninga.

Alle som er noko er her i kveld. Desperate jazztonar kjem frå A1 og bandet hans, Lola og jentene syng og dansar som om det står om livet og i baren deler Tony ut drinkar som om det var hans siste dag.

For ein av gjestene vert det den siste kvelden...

Dette er alt du får vite i denne omgang. Kven du er, kvifor du er der og kva planar og oppdrag du har for kvelden vil du få vite etterkvart.

Vi ser fram til ein spennande kveld i lag med deg og alle dei andre i Stans bar.

Viktige praktiske opplysningar:

Billett inkluderer: 2 glass bobler, fingermat/tapas og ein heilaftan med mord og mysetrier der du er deltakande.

Roller blir sendt ut i forkant med tips til kva klede ein bør ha på seg. Alle spørsmål ein måtte ha rundt dette kan stilast til Magni Hjertenes Flyum. Ho og Alfred vil ha regien på kvelden og kontaktinfo blir sendt ut saman med rollebeskrivelsen din.

Praktisk info

Enjoy-kode: 830059
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker