"Ein betre vår ein gong" - Blix-kveld

Sundag 24. oktober får du høve til å høyra Laudamus syngja nokre av dei mest kjende salmane av Elias Blix og læra meir om salmediktaren, politikaren og målmannen Blix.Sist, men ikkje minst: Me som...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.okt
2021
kl 18:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 498681
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Sundag 24. oktober får du høve til å høyra Laudamus syngja nokre av dei mest kjende salmane av Elias Blix og læra meir om salmediktaren, politikaren og målmannen Blix.Sist, men ikkje minst: Me som er publikum får også lov til å vera med å syngja.

Professor Anders Aschim har i mange år forska på den samfunnsengasjerte nordlendingen Blix, som vaks opp i enkle kår og enda opp som statsråd. Me kjenner Blix best som opphavsmannen til mange av dei vakraste og kjæraste salmane våre. Mindre kjent er gjerne politikaren Blix og arbeidet hans for å fremja det norske språket, landsmaalet, på 1800-talet.

Laudamus har funne fram Blix-salmar som koret er glad i, og Aschim vil ta utgangspunkt i desse utvalde salmane.

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet på Hamar. Han har tidlegare mellom anna vore bibelomsetjar for Det Norske Bibelselskap.I 2008 gav han ut biografien Ein betre vår ein gong: Elias Blix.

No i haust kjem boka «Den fyrste bibelen paa norsk»: Historia om Fyrebilsbibelen. Denne boka har Aschim skrive saman med kollegaen sin, Per Halse ved Høgskulen i Volda, i samband med hundreårsjubileet for den første fullstendige norske bibelomsetjinga.

Velkomen!

Dato og stad:Norheimsund kyrkje, 24. oktober kl 18. Bill: kr 200 + avgift Billettar på Ticketco Vipps og kontant ved døra. Arr: Laudamus og Kvam Mållag, med stønad frå Folkeakademiet.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.