star
star
star
star
star

Eikåsnipa frå Ytre Eikås

Eikåsnipa er ein lett tilgjengeleg topp med mykje utsikt. Turen startar på skogsveg opp til Ytre Eikåsstøylen. Skogsvegen er ganske bratt og kan nok opplevast som litt tung å gå. Fordelen er at du...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 264166
Ta av E39 mot gardane på Eikås.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Eikåsnipa er ein lett tilgjengeleg topp med mykje utsikt. Turen startar på skogsveg opp til Ytre Eikåsstøylen. Skogsvegen er ganske bratt og kan nok opplevast som litt tung å gå. Fordelen er at du tek høgdemeterane fort.

Frå støylen går du på flott opptrakka sti heile vegen opp. Utsikta mot Jølstravatnet har du i ryggen heile vegen opp. Derfor lurt å stoppe inn i mellom å nyte den! I det du kjem opp der terrenget flatar ut siste stykket, kan det av og til vere vanskeleg å sjå stien pga. myrlendt terreng. Vel oppe finn du ein flott varde med bok i. Turen opp tek kring 1-1,5 time.

Dersom du ønskjer det kan du gå over heile fjellet. Dette gjer du ved å starte frå Flugedalen (i Førde) og gå over til Ytre Eikås. Turen frå Førde er omtala i lenka nedanfor.