E16 Dødsvegen, urpremiere

E16 DØDSVEGEN Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss, vidare i retning Lærdal og Hønefoss - men som ikkje stoppar før du har kome til Gävle kommune, i Sverige. Ein veg som tusenvis...
25.apr
-
kl 19:00

Detaljer

E16 DØDSVEGEN

Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss, vidare i retning Lærdal og Hønefoss - men som ikkje stoppar før du har kome til Gävle kommune, i Sverige. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjarte i halsen. For den delen av vegen som går frå Bergen til Voss har fått det ikkje spesielt hyggeleg kallenamnet DØDSVEGEN. Når Det Vestnorske Teateret no går til det merkelege skrittet å lage teater om ein veg (!), så er det fordi dette ikkje er ein vanleg veg. E16 rommar forteljinga som svært mange vestlendingar i meir eller mindre grad har kjent på: Verdiskapinga skjer på vestlandet - pengane går til Oslo! Så medan E18 på austlandsområdet vert utbygd i stor stil, lar politikarane der inne i hovudstaden folk døy på dei elendige vegane her vestpå. Kvifor? Er vi mindre verdt?! To skodespelarar og ein pianist lovar å ta godt vare på deg. Slapp av: Det blir musikk, song og humor! Kva anna kan vi gjere enn å møte dei forbanna kunnskapslause, betrevitande, sjølvgode og sjølvopptekne austlendingane med eit smil? Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson, som mellom anna har skrive musikalen om Arbeiderpartiet, musikalen om den norske oljeeventyret, musikalen om IKEA - og ei lang rekkje andre prisvinnande tekstar.

Av Klas Abrahamsson. Info om det kunstnarlege laget kjem ut på eit seinare tidspunkt. Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal Premiere: 25. april 2024.

Praktisk info

Enjoy-kode: 518435
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Torsdag
25/04 2024 kl 19:00
Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen Øvre Ole Bulls plass 6
I samarbeid med Eventim