star
star
star
star
star

Dronningstien, Munketrimmen

Dronningstien eller "Dronning Sonjas panoramatur" går opp til 1100 meters høgde i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Med utsikt innover Sørfjorden og over til Folgefonna, moglegheit til å gå dei...
Foto: Ivar Eidnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 213815
Midt mellom Lofthus og Kinsarvik tar du opp ein sideveg mot Røte. Her er det parkeringsplass. Det går også veg frå Kinsarvik, frå Essostasjonen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
7 timer
Lengde
14 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dronningstien eller "Dronning Sonjas panoramatur" går opp til 1100 meters høgde i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus. Med utsikt innover Sørfjorden og over til Folgefonna, moglegheit til å gå dei berømte "Munketreppene", og ikkje minst passering av tusenvis av frukttre på veg ned mot fjorden, har denne turen alle Fjord-Noregs kvalitetar i seg.

De siste 20 åra har denne turen blitt ein av dronninga sine favorittar som ho ofte går når ho kjem til Hardanger. Løypa starter på Røte («Velteplassen»), 6 km nord for Lofthus, eit stykke oppe i lia. Frå parkeringsplassen fortsett du på traktorveg opp til Hardangervidda, 890 meter over havet, der den merka stien byrjar.

Turen går forbi et par små vatn, kryssar hjort og elgtrekk ved Ulvskjaft, og fortsett til Duk, der det står ein stor steinvarde. Rett før nedstigning startar, gjer løypa ein kraftig sving ved Rjukande. Der fossar elva forbi i ei smal kløft, rett før den kastar seg utfor fjellkanten utanfor synsvidde frå stien. Deretter vendar du nasa nedover og bort frå vidda, går forbi landemerket Nosi og kjem etterhvart til dei kjente "Munketreppene" som skal ha blitt laga av lokale cisterciensermunkar frå år 1210 til 1537.

Vidare går turen langs sti og etter kvart på traktorveg og veg som svingar seg ned mot bygda. Du kan også følge den T-merka stien som går gjennom skogen.

Dronningstien er ein av turane i munketrimmen, og nok den nest lengste turen. Den er saman med sylfestnuten noko av den vakraste, med den karakteristiske panoramautsikten inn over Hardangervidda. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangørUTIL(Ullensvang turn- og idrottslag).