star
star
star
star
star

Dravladalsdammen - Saksaklepp

Skildring av tur Gå over Dravladalsdammen og over på god fjellsti. Til dels bratte parti oppover og nokre plassar er det høgt ned. Når du er over dei verste kneikene kjem du til ei hytte like...
Foto: Gunvor Bringeland

Praktisk info

Enjoy-kode: 675814
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter ca. 8 km tar du av til venstre mot Dravladalsdammen, ca. 500 m. Her kan du parkera (på eige ansvar). Det er skilta mot Saksaklepp.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Gå over Dravladalsdammen og over på god fjellsti. Til dels bratte parti oppover og nokre plassar er det høgt ned. Når du er over dei verste kneikene kjem du til ei hytte like nedanfor Bjødnafete (1408 moh.). Særs god utsikt mot Folgefonna frå denne hytta. Vidare er det kupert terreng og du går meir på fjell, og kanskje du må over nokre snøfonner før du tar dei siste stigningane opp på Saksaklepp (1491 moh.). Saksaklepp er det høgste fjellet i Jondal kommune og har flott utsikt både mot fjord og fonn. NB. På mange eldre kart er namna Bjødnafete og Saksaklepp bytt om.

Sesong

Juli /august – oktober.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.

  • Du bør ha fjellstøvlar.
  • Mobildekning er god på det meste av turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.