Drageverkstad #2

Lær å lage drake av ein verdsmeister! Ajaz Ul Haq er Noregs beste drakemakar og verdas beste drakeflygar. Ein gong sendte Ajaz opp over 1000 drakar og vart verdsmeistar. I juni vil han gjere eit...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
09.jul
2023
kl 13:30

Praktisk info

Enjoy-kode: 918759
Type
Lek & Lær
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Lær å lage drake av ein verdsmeister! Ajaz Ul Haq er Noregs beste drakemakar og verdas beste drakeflygar. Ein gong sendte Ajaz opp over 1000 drakar og vart verdsmeistar. I juni vil han gjere eit nytt verdsrekordforsøk med 2000 drakar i lufta på ein gong!

Å sjå ein drake sveve oppe i det blå medan du held i snora og styrer det heile, gjev deg nesten kjensla av å flyge sjølv. For mange er drakar ei morosam leike, men dei kan vere så mykje meir enn det. Det kan vere kunst i form av flotte fargar og mønster, og det kan vere sport i form av spennande konkurransar.

Ajaz har laga uendeleg mange drakar og no kjem han til Førdefestivalen for å lære born og vaksne i Førde å lage drakar, - kanskje blir du like god som han?

Bli med på drakeverkstad og drakeflyging med Ajaz og få kjensla av å fly og vere fri som vinden.

Verkstaden passar best for born frå skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen.

Ein føresett kan følgje gratis.

Kart