Dobbeltgjenger på Vesle Kinn

Dobbeltgjenger kjem til Vesle Kinn! Dei sjarmerte og imponerte oss i senk på KinnFest 3. juni i år og vi jubla då vi fekk til ein sommarkonsert på intimscena vår! Altså Dobbeltgjenger - alternativ...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.aug
2022
kl 20:00

Detaljer

Dobbeltgjenger kjem til Vesle Kinn! Dei sjarmerte og imponerte oss i senk på KinnFest 3. juni i år og vi jubla då vi fekk til ein sommarkonsert på intimscena vår!

Altså Dobbeltgjenger - alternativ rock frå Bergen. Fargerik og glødande som neonlys, mektig som hardrock og feststemt som disco! Musikken er like mørk som den er lys, forvirrande og veldig til stades. Slik er Dobbeltgjenger sin natur.

Frontfigur Vegard Wikne kallar musikken gjerne «voodoo rock disco» og nemner inspirasjon frå band som Queens Of The Stone Age, Talking Heads, Tame Impala, Led Zeppelin, The Strokes og Peter Gabriel.

Dobbeltgjenger har lenge vore omtalt som eit grensesprengande rockeband frå Bergen. Albumet SMOOTH FAILING kom våren 2021 til strålande mottaking frå heile verda. Alle tre album har fått god mottaking.

På scena er dei ein eksplosjon av heftig rock, framført med dødeleg presisjon og innleving. Vegard skriv det meste av musikken, syng og spelar gitar. Eit midtpunkt på scena som lokkar deg inn i Dobbeltgjenger sitt univers! Sondre Veland er bandet sin trommeslagar. Han har allereie gjort seg bemerka med Major Parkinsons og Wardruna. Han er ein av musikarane som profilerast av cymbalprodusenten Paiste!

Bastian byr på meir gitar og synth. Knut-Martin er bandet sin sologitarist og sørgar for full gitardetonasjon av rockbomba frå Bergen! Bassisten Jone er også blant dei nye musikarane som er verdt å merke seg. Tilsaman blir dette Voodoo Rock Disco, ein ny type rock som gir deg lyst til å tenne opp det heilt store bålet, danse, gråte og leve, høglytt!

Praktisk info

Enjoy-kode: 182752
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.