Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra!

Gå ikkje glipp av denne spanande framsyninga med forteljar Guri Aasen. Bli kjend med dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

11.jun
2022
kl 12:30

Detaljer

Gå ikkje glipp av denne spanande framsyninga med forteljar Guri Aasen. Bli kjend med dei underlege, trolske og stundom fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på. Slike som Kraken, Åletusten, Draugen, Havbokkjen, Margygra og Marmælen. Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse skapningane, får ein óg lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske - og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs om ein ikkje er retteleg førebudd! Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt! Inkludert i billetten vert det servert nydeleg fiskesuppe med nysteikt foccaciabrød attåt –og avrunda med ein kaffitår. Passar godt for både den yngre og eldre garde! Oppmøte 15 minutt før arrangementet startar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 947109
Type
Scene
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker