star
star
star
star
star

Den klassiske runden på Skaraåsen, Gol

Dette er ein fin tur i eit lett, men variert terreng, både i skog og i grensa til høgfjell. Om ein ynskjer det kan ein også opp på Syningen (1047 moh). Her er det eit flott utsyn til alle kantar, med...

Praktisk info

Enjoy-kode: 897152
Køyr opp Skaraåsevegen frå fv veg 223 ved Steinmoen og om lag 5 km oppover vegen. Det er kr 40 i bompengar. Parkeringsplass når ein er komen opp. Alternativt kan ein ta skiheisen opp (Gol skipark).
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
2 timer
Lengde
16.5 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin tur i eit lett, men variert terreng, både i skog og i grensa til høgfjell. Om ein ynskjer det kan ein også opp på Syningen (1047 moh). Her er det eit flott utsyn til alle kantar, med Hallingskarvet i vest, så vidare nordvest over med Skorpa, Reineskarvet, og deretter Lauvdalsbrea, Såta, Storehorn og Skogshorn. Mot nord-aust ser ein over til Valdres. Mot aust og sør er det vidder og åsar så langt ein kan sjå.

Ein følgjer skiløypa innover åsen i blandingsskog. Inne ved Feten deler løypa seg, og ein kan starte på rundløypa. Går ein beint fram, kjem ein forbi Habbeset. Her er det fint utsyn mot Skogshorn. Løypa dreiar vidare vestover og i småkuppert terreng svingar ein seg inn til eit nytt løypekryss ved Syningen. Her kan ein velje å gå vidare mot venstre, og det er ei lett og variert løype attende forbi Feten. Runden kan også gåast andre vegen, som ein variasjon. Utsynet mot Hallingskarvet er flott når ein nærmar seg Syningen.

I dette løypekryssen kan ein velje å gå rundt Syningen i preparert løype eller gå opp på Syningen. Opp på sjølve toppen er det ikkje preparert løype, men det er ikkje langt frå skiløypa.

Nedatt frå Feten kan ein nedanfor Spildredammen velje å ta til venstre og ned forbi skiheistoppen, eller til høgre, rett ned på parkeringsplassen.