star
star
star
star
star

Dallandsstølane

Lett rundtur i nærmiljøet. Dallandsstølane er eit mykje nytta turmål for den daglege trimturen. Det er fleire mogelege startpunkt for denne turen som dei fleste tek som ein rundtur. Turen går på...
Foto: Erik Vangsnes

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 402178
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
10 minutter
Lengde
6.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lett rundtur i nærmiljøet. Dallandsstølane er eit mykje nytta turmål for den daglege trimturen. Det er fleire mogelege startpunkt for denne turen som dei fleste tek som ein rundtur. Turen går på skogsveg i skogsterreng og på fortau og veg gjennom bygda. Her får du med deg både fine kulturlandskap og idyllar skogen med vatn og rasteplassar.

Frå parkeringa ved Nesjaheimen kan du nytta den nye turvegen over Heiane til Dalland. Etter Dallandsgrenda kan du følgja den nye skogsbilvegen til du er ved stidelet mot Skåtavatnet, der andre skogsvegar fører ned til drikkevasskjelda for heile Fusahalvøya. Skåtavatnet er også ein fin rasteplass. Vel nede att ved fylkesvegen kan du gå på fortau etter at du når busetnaden. Alternative startpunkt er p-plass ved fv 122 i skiftet mellom Skåte og Skjørsand eller turparkering på Dalland.

Ta omsyn til aktivt skogbruk i området. Strandvik idrettslag har turbokkasse ved Dallandstøane som du må hugsa å logga deg i.

Andre turar i området

Ønsker du ein topptur kan du gå til Bogafjellet (438 moh) frå Skåtavatnet. Ein kortare tur i nærmiljøet er å gå til Bliksåsen frå Heiane med utsyn over Skåte.