star
star
star
star
star

Dalabekken - nærtur i Hå

Kjem du med tog så kan du fylgja skilt til Nærbøparken. Med bil køyrer du og parkerer på parkeringsplassen for Nærbøparken. Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum. Det er eit ynda utfartsstad...
Foto: Anne Katrine Lycke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 945564
Med tog til Nærbø stasjon. Med bil er det gode parkeringsmuligheter i Nærbø og ved idrettsplassen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kjem du med tog så kan du fylgja skilt til Nærbøparken. Med bil køyrer du og parkerer på parkeringsplassen for Nærbøparken. Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum. Det er eit ynda utfartsstad heile året og har mykje besøk av folk frå fjern og nær. Arealet for Nærbøparken var tidlegare ein klokkargard som vart nedlagt i byrjinga av 1930 tallet. Grunnleggjaren av parken, Randulf Aadnesen (1894-1989) byrja arbeidet med parken i 1935. I 1937 fekk han kjøpa eit område av Hå kommune for kr. 50,- pr. dekar. Området var ei stor myr og noko fastmark. I 1937 vart dei fyrste trea planta.

Arbeidet med å fjerna noko av myra starta før 2. verdskrig. Under krigen var det mangel på brensel. Torva vart seld og parken fekk inntekter. Det tok 4 år å skjera ut torva. Kantane vart steinsett og det vart vatn der det før var myr. I dag er det mange fuglearter i parken. Ein kan nemna mange hønserasar, påfuglar, svaner, gjæs og ender. På orienteringstavler kan læra kva fuglane heiter. Fleire ville fuglar held og til i parken. Det er planta mange slags tre og buskar. Det står namneskilt på mange av treslaga.

Sivilarkitekt Per Line, laga i 1996 teikningar til eit hus i parken. Dette huset vart bygd og opna i 2005. Huset blir lånt/leigd ut. I Nærbøparken er det laga ei aktivitetsløypa – 700 m lang. Det er 12 ulike aktivitetsapparat. Prøv desse. Hå kommune held no på og restaurera parken. Dei gamle grantrea skal fjernast og nye tre og buskar skal plantast.

Frå parkeringsplassen for parken går du på nordsida av huset og vestover til Parktræet. Så går du sørover forbi Motland skule og over Store Ring og sørover Kviavegen og svingar til venstre like før Hattelandstjørna. Følg grusa veg/sti, langs steingarden, mellom byggefelt og jordbruksareal, opp mot toppen og sving deretter ned mot Dalabekken. På toppen er det god utsikt over store deler av Nærbø. På jordbruksarealet går det ungdyr/sauer og beiter store deler av året. Stien fortset langs Dalabekken opp til Opstadvegen. Her går vi forbi 2 små og ein større fotballbane og to sitjebenkar. Stopp og sjå på vatnet i bekken som renn mellom steinane. Langs Dalabekken er det mange ulike treslag og ville blomar. Sjå gjerne kor mange du veit namnet på. Vidare går du på fortau langs Opstadvegen og Store Ring litt forbi Nærbø nye kyrkje, (tatt i bruk i 2005) og svingar ned gang- og sykkelstien. Vidare går du forbi ein leikeplass og langs Torollsvegen til parkeringsplassen for Nærbøparken. Dalabekkturen er merka i begge retningar, med raude T- ar, som Jæren turlag har sett opp.