star
star
star
star
star

Daglig breføring mellom Fonnabu og Holmaskjær (t.o.m 4. august)

Viktig: Breutstyr og brekunnskaper eller fører nødvendig. Selvsagt ingen merking på breen. Ruta går i nordøstlig retning over breen. Tid til inn- og utknyting i taulag er medregnet i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 588903
Til Fonnabu: Keisarstien fra Sunndal
Til Halmaskjær: T-merket sti fra Odda

Folgefonntunnelen gjer at ein kjem seg frå Odda til Mauranger (Sundal) på 10-15 minuttar. Frå Rosendal til Mauranger (Sundal) er det 40 minuttar. Henting av bilar er difor enkelt med buss eller taxi.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Viktig: Breutstyr og brekunnskaper eller fører nødvendig. Selvsagt ingen merking på breen. Ruta går i nordøstlig retning over breen. Tid til inn- og utknyting i taulag er medregnet i gangtida.

Ruta frå Mauranger til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800 talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen opp til brekanten og dregne på slede over breen. Seglbåtane og seinare dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida. Det er såleis ei glede for oss i Folgefonni Breførarlag å føra tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller utan breerfaring.

Fra 15. til 4. august 2013 har Folgefonni Breførarlag daglige føringer mellom Fonnabu og Holmaskjær. For mer informasjon se www.folgefonni-breforarlag.no eller ring tlf. 55298921 / 95117792

Turen frå Sunndal til Fonnabu-hytta går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka med vardar og raude T-ar. Frå Holmaskjer-hytta er den gamle ferdslevegen ned til Tokheim/Odda rusta opp og godt merka. Såleis kan folk på eigenhand ta seg opp til brekanten og verta førte over breen av kyndige folk. Å kryssa Folgefonna krev gode orienterings kunnskapar samt breutstyr. Turen over breplatået byr på alt frå flott sommar vær til snø og regn. Det er difor naudsynt å pakka sekken som om ein skulle på vinter tur. Hue og vottar er obligatorisk utrusting samt solbriller og solkrem. Krav til deltakarane er normalt god form. Tung oppstigning til breen på begge sider. Sjølve breturen går i roleg tempo over breen. Turen byr på nydeleg utsikt i alle retningar, ein er på Noregs tak! Hardangervidda og Hårteigen i aust, Nordsjøen i vest, Rosendalsalpane i horisonten og Hardangerfjorden under oss for å nemne litt av det ein ser..