Aktuelle alternativer
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Detaljer
Bli med på ei vandring i bergensforfattaren Torborg Nedreaas’ fotspor.
Torborg Nedreaas (1906–87) var ein heilt særeigen byskildrar. I dei tre bøkene om Herdis, Trylleglasset (1950), Musikk fra en blå brønn (1960) ogVed neste nymåne (1971), følgjer vi hovudpersonen frå ho som barn vandrar i regnet på Møhlenpris, via besøk i ulike delar av byen og «på landet», som det heiter på bergensk, til besteforeldre i Marken og i Sandviken. Nedreaas skildrar tuberkulose, alkoholisme, vald og overgrep og viser fram brutale, sosiale skilnader. Lesaren blir vitne til den store bybrannen i 1916 og menneskelege opp- og nedturar, men får òg sett verda gjennom det magiske trylleglaset og høyrt forlokkande musikk frå brønnen.
I denne byvandringa vil historikar Jo Gjerstad og litteraturvitar og styreleiar i Torborg Nedreaas-selskapet Grethe Fatima Syéd ta publikum med på ei vandring gjennom sentrale deler av Nedreaas’ Bergen.
I samarbeid med Torborg Nedreaas-selskapet.
Frammøte ved Christie-statuen på Muséplass 1