Buskspel: Bergen Bonanza

Endeleg! Buskspel er tilbake! I haust blir det konsertar med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge. Fyrst ut, BERGEN BONANZA! Med følgjande gjester: KARI FINNE SOGNNÆS STEINAR...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.sept
2021
kl 20:00

Detaljer

Endeleg! Buskspel er tilbake!

I haust blir det konsertar med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge.

Fyrst ut, BERGEN BONANZA! Med følgjande gjester:

KARI FINNE SOGNNÆS

STEINAR ODDE

KAREN FADNES BRATTEBØ

BENJAMIN BERDOUS

Heilt sidan Bergen Bonanza starta opp i Bergen i 2013 har det vore eit stort ynskje å booke konseptet til Voss. I var skjedde det for fyrste gong, og det var ein stor suksess! Me gler oss til at dei kjem att til Voss!

"Bergen Bonanza er et månedlig konsertkonsept med fokus på country, americana, folk, alternativ country og vestkystrock.

Husbandet spiller 2-3 sett, og får følge på scenen av et knippe gjesteartister, blant de beste artistene Vestlandet har å by på.

Husbandet består rutinerte ringrever med fartstid i band som Good Time Charlie, The Last Hurrah!!, Shades of Blues, Casiokids, Alibiet, Silja Sol, Kiss Kiss King Kong og mange fleir"

Husband:

EINAR OLSSON

EIRIK UTNE

ÅSE BRITT REME JAKOBSEN

LARS HAMMERSLAND

SVEIN HENNING BERSTAD

BUSKSPEL er ein konsertserie som starte opp på Voss i 2018. Banda og artistane er frå eit breitt utval av sjangrar innan pop, rock, americana mm, med fokus på små og mellomstore indieband. Det vil vere intime konsertar med nokre av dei beste artistane ein har på Vestlandet. Konsertane vil i hovudsak haldast på i Foajeen i Gamlekinoen, ca to gongar i månaden (med litt sesongvariasjonar).

Buskspel er eit uttrykk mykje brukt innan folkemusikken, som handlar om uhøgtideleg og spontant spel utanom det ordinære konsertprogrammet. Det vil ikkje vere jam på Buskspel, men ein ynskjer på same vis å ha ei uhøgtideleg stemning, med nærleik mellom publikum og artistar, og ei overrasking eller to.

Konserten er støtta av Norsk Americana Forum og Norsk Kulturråd

Praktisk info

Enjoy-kode: 285545
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.