star
star
star
star
star

Bufjordstigen langs Telemarkskanalen på Dalen

Lett tur med kultur, historie og fiske. Universell utforming på halve turen. Turen startar på Dalen Bryggje – eller Lastein (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen...

Praktisk info

Enjoy-kode: 780883
Om du kjem langs E-134 frå aust ta av i Høydalsmo og fylj Fv.45 til Dalen.
Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget.
Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen. Kjør forbi innkjøring til Dalen sentrum og du får Dalen Bryggje på høgre hande etter 1 km.
Parkering ved Dalen Bryggje.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lett tur med kultur, historie og fiske. Universell utforming på halve turen. Turen startar på Dalen Bryggje – eller Lastein (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen frå Eidsborg – Noregs eldste eksportartikkel. Du passerar ei fin badestrand og går vidare over Eidsborgbekken. Turen går no forbi Tangane – eit viktig friluftsområde med idyllisk furuskog . Her får du innsyn til Dalen Hotel frå hagen. Tokkeåi kryssar du via ein ”hoppeterskel” i stein. På Buøy fyljer du naturstig gjennom ein fascinerande "jungel" der ein fleire stader kjem ned til elva med fine fiskeplassar og ei rikhaldig beverstamme. Turen går attende gjennom Dalen sentrum med ei intim handlegate, blomstertorg, butikkar, kafétilbod og Tokke kommunehus med kommunestyresal kledt i brynestein.