Augevitneskildringar frå flyktningkrisa i Middelhavet// Kristina Quintano (festivalføredrag)

-Budbringaren frå helvete fortel. Kristina Quintano er journalist, omsettar, forfattar og forleggar. Ho er halvt norsk og halvt maltesisk, og frå Malta såg ho alt for 20 år sidan byrjinga på den...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

10.sept
2022
kl 09:30

Detaljer

-Budbringaren frå helvete fortel.

Kristina Quintano er journalist, omsettar, forfattar og forleggar. Ho er halvt norsk og halvt maltesisk, og frå Malta såg ho alt for 20 år sidan byrjinga på den aukande flyktningstraumen som kom i overfylte båtar over Middelhavet og inn på strendene på Malta. Sidan den gong har Quintano, i tillegg til å arbeide frivillig med naudhjelp for flyktningar, vorte ei særs viktig og empatisk stemme i ei krise som ikkje tek slutt.

Gjennom Facebook-bloggen Budbringeren fra helvete, som i snitt har rundt 100 000 visningar dagleg, formidlar ho krisa i og rundt Middelhavet. Quintano løftar fram historier, både om dei som når land og dei som druknar, og om kvifor dei legg ut. Men også om korleis det politiske spelet mellom EU og dei europeiske middelhavslanda gjer at mange som kunne ha vore redda, ikkje vert det. Quintano var den første til å motta Samtidenprisen, som går til menneske som engasjerer seg i dei mest brennande og aktuelle spørsmåla i vår tid, og som klarer å sette dei på dagsorden.

Vi er utruleg glade for at Kristina Quintano tek seg tid til å komme til Fjaler og årets Festivallaurdag - for fortelje om opplevingane sine og gje oss eit innblikk i kva strukturar som fører menneske på flukt, korleis mottaksapparatet verkar og kva rolle vi og Europa har i spelet om desse menneska sine liv. Kristina vil òg halde appell på utescena og deltek i søndagssymposiet i Trudvang.

Om du vil lese Kristina si bok, «Budbringeren fra Helvete», finn du den i Jakob Sande-senteret sin bokhandel i Gamle Skulehuset.

Praktisk info

Enjoy-kode: 300128
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker