Bryr Stortinget seg om pengestellet?

Tid: Onsdag 27. oktober, kl. 21:00-22:00 Sted: MS Sandnes, på Skagenkaien Pris: 150 kr / 75 kr Heilt sidan 1814 har det stått skrive i Grunnlovas paragraf 75 c at «Det høyrer Stortinget til å føre...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.okt
2021
kl 21:00

Detaljer

Tid: Onsdag 27. oktober, kl. 21:00-22:00 Sted: MS Sandnes, på Skagenkaien Pris: 150 kr / 75 kr

Heilt sidan 1814 har det stått skrive i Grunnlovas paragraf 75 c at «Det høyrer Stortinget til å føre tilsyn med pengestellet i riket». For det meste er dette ein «sovande» paragraf; sjeldan vist til, sannsynlegvis lite forstått på Løvebakken òg. Men sakleg sett meir aktuell enn nokosinne?

Den raude tråden gjennom dei siste to hundre åra er privatisering av pengestellet: Kontantar utferda av Noregs Bank finst nesten ikkje lenger; brorparten av kroner og øre er kontopengar. Framover kan nye endringar koma: Både nye statlege pengar i form av digitale sentralbankpengar og - kven veit - «private» virtuelle valutaer. I stort er pengestellet i støypeskeia. Vi treng opplyst debatt om kva tilsyn med pengestellet inneber og bør innebera framover.

Me spør:

Er pengestellet vårt på stell? Bør paragraf 75c vekkjast opp?

Korleis kan og bør Stortinget føra tilsyn med pengestellet på moderne og tidsrett vis?

Korleis kan Stortinget medverka til at pengestellet vårt er i samsvar med folkeviljen?

Bør Stortinget ha noko å gjera med pengar i det heile, eller skal pengestellet fullt og heilt overlatast til «den usynlege handa», fri konkurranse og teknologisk utvikling?

Panel:

  • Eirik Holmøyvik, professor ved Universitetet i Bergen
  • Torbjørn Bull Jenssen, dagleg leiar i Arcane Crypto Ordstyrar er Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1 Gruppen

Praktisk info

Enjoy-kode: 979746
Type
Festivaler
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Kilde
LinTicket

Sponsede linker