star
star
star
star
star

Brynesteinbrotet

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fyljer i store delar gamal ferdselsveg. Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste...

Praktisk info

Enjoy-kode: 252686
Ta av frå E134 i Høydalsmo og fylj så Fv45 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 45 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
2 timer
Lengde
2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fyljer i store delar gamal ferdselsveg. Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjons skilt. Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet. Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.

Turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene. Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr. Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen) . Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile Europa.