star
star
star
star
star

Brømsund

Dette er en rundtur på Meling og som går ut i havgapet. I 1882 blei det sprengd ut og reinska opp ei renne gjennom Brømsund, som ligg noko lenger sør - vest av Meling. Utdrag frå "Skipsforliset i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 217547
Turen startar ved parkeringsplass i Melingsvågen
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
4.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er en rundtur på Meling og som går ut i havgapet. I 1882 blei det sprengd ut og reinska opp ei renne gjennom Brømsund, som ligg noko lenger sør - vest av Meling. Utdrag frå "Skipsforliset i Brømsund, 1928" Fartøyet sitt navn "MARTHA" bygd på Lista i år 1908. Opprinneleg sua seglskøyte av tre, seinare motorskøyte. Ombygd fleire gonger, fleire eigarar. Lengde: 40 fot, breidde: 14 fot, dybde: 6 fot. Wichmann 12 hk. Årskifte 1927/1928 kjøpte Erik Korsnes skøyta som deretter fekk ein kort, men dramatisk skjebne. På Kruneneset på Goddo var 4 år gamle Sverre Laurits blitt alvorleg sjuk. Far til barnet var på vintersildfiske, og det var mora Bertha Severine Kvarven som fekk Erik Korsnes til å føra dei til lege på Finnås. Bestefar til barnet Sæbjørn Krunenes og Årstein Hillesøy var og med på turen. På veg inn Brømsundet gjekk dei tomme for solar. Årstein hoppa i ein robåt å prøvde å få skøyta i sikkerhet. Men brakk eine åra. Skøyta rak mot eit skjer og var i ferd med og bli knust då Sæbjørn og Bertha blei skylt på sjøen. Med eit tau frå land skulle Årstein hala dei to siste om bord gjennom sjøen då mastra brakk, og Erik og Sverre Laurits fekk den over seg og forsvann i sjøen. Lika av Sverre, Bertha vart funne. Av dei 5 om bord var det berre Årstein som overlevde dette forliset, som er eit av dei mest tragiske i Bremnes si historie. Motoren vart tatt opp og solgt til Kristian Steinsbø Trelasthandel, og brukt som driftsmotor i Urangsvåg i mange år. Frå: Skipsforlis, frå Bømmlahuk til Holmengrå, E. Bakkevik.