star
star
star
star
star

Brekka via Brekkelia

Dette er ein typisk famlietur som kan gjennomførast i all slags ver, gjerne kombinert med sykkel. Mesteparten av turen går langs den idylliske Trondhjemske postveg, men med ein fin avstikkar rundt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 252086
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
8.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein typisk famlietur som kan gjennomførast i all slags ver, gjerne kombinert med sykkel. Mesteparten av turen går langs den idylliske Trondhjemske postveg, men med ein fin avstikkar rundt Brekkelida kor ein har flott utsikt over Hjelmelandsdalen.

Harpefossen / Tippabrua – Harpefossen Hyttegrend – Naustdalssetra – Mørsynnøvebakken – Ljosurbrua – Bjørhovdesetra – Setreelva – Brekkelida – Brekkefoten – Sevlandsetra – Bjørhovdesetra – Ljosurbrua – Mørsynnøvebakken – Naustdalssetra – Harpefossen Hyttegrend – Harpefossen / Tippabrua

Frå Harpefossen går turen innover postvegen forbi Naustdalsetra og Ljosurbrua til Bjørhovdesetra. Dersom ein har sykkel bør den parkerast ved skiltkrysset på Bjørhovdesetra. Her tek ein til venstre oppover setrevegen, fram til skiltkrysset ved setreelva. Her fortsett ein rett fram på vegen i 250 meter kor løypa fortsett rett fram mens vegen svingar til venstre. Løypa fylgjer myra i nedkant 400 meter før ein kjem inn i skogen. Etter 100 meter passerar ein Grovelva og kjem etter kvart ut på nokre opne myrar før ein treff skogbilvegen på høgste punktet i Brekkelida. Her er det god utsikt over Hjelmelandalen og ikkje sjeldan treff ein på hjort og orrfugl på denne turen gjennom skogen. Løypa går so 500 meter sørover på skogbilvegen før ein kjem ut på postevegen rett under Brekka. Ein fylgjer so postvegen tilbake forbi Sevlandsetra til Bjørhovdesetra.

Turen passer for alle som klarer å ferdes i terrenget og krysse små elvar.