star
star
star
star
star

Breidsete - Glomsdalsskardet

Skildring av tur Frå Breidsete, gå ca 100 m nedover bilvegen og til venstre over ei bru. Stien går i småkupert skog og myrlendt terreng, forbi nokre hytter og ned til Torsnesmyrane, til eit...

Praktisk info

Enjoy-kode: 499429
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 2,6 km ta til høgre rett før brua på Byrkjeland. Etter ca. 300 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Etter ca. 1,5 km kjem du til ei bru med ei grind. Hugs å lukke grinda etter deg viss ho var lukka. Her er det inntak for Stølsdalselva kraftverk på Byrkjeland, som vart sett i drift i 2009. Bilvegen går 2,2 km vidare til stølen Breidsete. Der er det ei infotavle, og god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Breidsete er start- eller endepunkt for fleire andre turar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Varighet
7 timer
Lengde
5.4 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Frå Breidsete, gå ca 100 m nedover bilvegen og til venstre over ei bru. Stien går i småkupert skog og myrlendt terreng, forbi nokre hytter og ned til Torsnesmyrane, til eit stikryss. (Der kan du gå over til Fjellstøl). Gå mot Fjelltveit. Stien går langs kanten av myrane, vekselvis i skog og myrlendt terreng. Du må over ei lita elv, og ved snøsmelting og mykje nedbør kan det vera vanskeleg å koma tørrskodd over. På stølen Fjelltveit kjem du til ei bru. (Ved brua kan du gå mot Torsnes). Gå mot Glomsdalsskardet. Du følgjer Glomsdalen til Skaratjødna. Bratt og vilt terreng i høgfjellet. (Det går sti vidare til Nordrepollen, men den er ikkje merka av oss).

Sesong

Juli - oktober/november

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar.
  • Mobildekning er ikkje god på denne turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.