Breidablik opp

BREIDABLIK OPP Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekorden på 42:35 frå 2018...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

03.jul
-
kl 14:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 757209
Type
Aktiviteter ute
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

BREIDABLIK OPP Vel møtt til eit tradisjonsrikt motbakkeløp til fjellparadiset Breidablik. Det segnomsuste hytta lokkar til seg ein aukande skjerv av fjellfolk. Kan verdsrekorden på 42:35 frå 2018 stå for fall i år? Legenda Stian Angermund-Vik innehar den offisielle rekorden. Den lokale handverkaren Bjarne Huse byrja arbeidet med å mura opp bygga allereie i 1968. Nokre år seinare byrja andre lokale heltar å tevla om å springa så fort som mogeleg opp

[https://tuploads.s3.eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/7957/IMG_4995_2.JPG]

Verdsmeister Stian Angermund-Vik på veg under rekordløpet i 2018

Fjellparadiset sett frå lufta. Dronefoto: Bergen og Hordaland Turlag

Trasé: Løypa er 5,3 km lang og har ganske nøyaktig 1000 m stigning. Det er T-merka heile vegen. Mannskapar frå Raude Krossen har utplassert tryggleiksteam undervegs. Les meir om løypa her: [https://www.ut.no/tur/2.5086/]https://www.ut.no/tur/2.5086/ [https://www.ut.no/tur/2.5086/]

[https://tuploads.s3-eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/3246/Skjermbilde_2017-09-19_14.57.27.png]

Reglar: Konkurranseklasse:

  • Innsjekk frå kl 11, start kl 12.
  • Alle løparar må ha sekk på minimum 2,5 kg ved start og i mål. Kontrollveging ved innsjekk på Fete i Fitjadalen og i mål.

Trimklasse:

  • Registrering og start mellom kl 10 - 11
  • Ingen tidtaking
  • Diplom og premie til alle!

Pris: Konkurranseklasse: kr 400 Trimklasse: kr 150

[https://tuploads.s3-eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/3245/aO-940.jpeg]Målportalen er ei flyboren rot!

[https://tuploads.s3.eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/7964/IMG_4974_2.JPG]

To legender: grunnleggjar av Breidablik, Bjarne Huse, flankert av verdsrekordhaldar Stian Angermund-Vik.

[https://tuploads.s3.eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/redactor_rails/picture/data/7960/IMG_4970_2.JPG]

Eigen trimklasse for fjellfolk i alle aldrar. Premie til alle!

Kart