star
star
star
star
star

Brandsøyåsen - rundtur

Denne turen er ein rundtur gått opp frå Solheim. Du kan også ta den som ein tur med utgangspunkt i toppen. Startar på parkeringsplassen på Solheim og gå oppover til du kjem til eit stidele, der...
Foto: Arnfrid Bergheim

Praktisk info

Enjoy-kode: 588147
Fv 548, Solheim ved parkeingsplassen - Kvernhuselva
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
6.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen er ein rundtur gått opp frå Solheim. Du kan også ta den som ein tur med utgangspunkt i toppen.

Startar på parkeringsplassen på Solheim og gå oppover til du kjem til eit stidele, der stien går litt brattare oppover. Fortset på denne stien til du kjem til toppen.

På toppen finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.

Det er også gapahuk på toppen med turbok. Skriv deg inn i boka.

Gå ned over platting og fortset på stien som går til høgre nedover. Du vil komme inn på asfaltvegen ved Blondsdalen. Gå eit stykke nedover på vegen til du finn pilskiltet som viser veg til stien opp over Norefjell. Følg stien over Norefjell til du kjem opp på asfaltvegen igjen. Gå på den nokre meter og ta av til høgre og følg stien nedover. Den går langs ryggen og du får fin utsikt over Baseområdet / Botnastranda og øyane i Florabassenget. Følg stien vidare mot hovedstien og følg den nedover. Over Litlevarden og ned til Tofleskardet der du tar av mot Solheim.