star
star
star
star
star

Borgafjellet

Turen startar ved grinda langs Hjellevegen. Dei første 250 metrane av turen går i bratt beitemark. Du må hugse å late att grinda når du begynner å gå. Dersom det har regna, vil det vera bløtt og...
Foto: Roar Haugsgjerd

Praktisk info

Enjoy-kode: 626922
Det er ikkje laga ein parkeringsplass for turgåarar til Borgafjellet. Du kan sykle til startpunktet og setje sykkelen frå deg ved grinda. Det går òg fint å parkere bilen i Os sentrum, krysse Oselva og gå opp Borgavegen til foten av Borgafjellet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved grinda langs Hjellevegen. Dei første 250 metrane av turen går i bratt beitemark. Du må hugse å late att grinda når du begynner å gå. Dersom det har regna, vil det vera bløtt og sleipt i starten på turen. Når du har forsert det brattaste terrenget, går du over på jamnare stigning med natur prega av blandingsskog, stein og jordbotn. Sjølv om turen er ganske bratt, er han ikkje verre enn at han passar for både store og små. Frå toppen er det flott utsikt over Os, mot Tysnes, Fusa, Fitjar, Tøsdalsfjellet, Linken og Byfjella.