star
star
star
star
star

Bordvassvegen: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Bordvassvegen er ein kulturstig der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia og tradisjonane rundt vatningskulturen i Lom. Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur...
Foto: Tor Ivan Boine / Lom bygdamuseum

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 843181
Det er fint å starte turen frå Fossbergom (Lom sentrum), gjerne frå Norsk fjellsenter. Det er stor parkeringsplass på motsatt side av Rv15.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
8.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Bordvassvegen er ein kulturstig der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia og tradisjonane rundt vatningskulturen i Lom. Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste.

Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak turistinformasjonen ved Norsk fjellsenter. Legg gjerne turen innom Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen dette er eit friluftsmuseum med 22 verneverdige bygningar. Her det mogleg å gå med barnevogn, dette er ikkje tilrådeleg på resten av turen.

Ruta til Bordvassvegen er godt merka med raude merke. Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen.

Turinfo:

  • Bordvassvegen går gjennom Andvords-trædet der det er dyr på beite i inngjerda beitemark om sommaren. Dersom du vil omgå beitedyra fylgjer du gul merking ovanfor trædet fram til du møter fyrste skogsvegen. Her går du nedover vegen til venstre og du møter att Bordvassvegen berre nokre meter ned i bakken.