star
star
star
star
star

Blegja - høgste toppen på Heilefjellet

Med sine 1304 moh. er Blegja den høgste toppen i Heilefjellmassivet. Spesielt frå nordsida av Førdefjorden er den bratte veggen i Heilefjellet og dei karakteristiske Heilevangstaurane imponerande....

Praktisk info

Enjoy-kode: 889653
Frå Førde følgj fylkesveg 609 til Rørvika med p-plass.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Med sine 1304 moh. er Blegja den høgste toppen i Heilefjellmassivet. Spesielt frå nordsida av Førdefjorden er den bratte veggen i Heilefjellet og dei karakteristiske Heilevangstaurane imponerande.

Det går mange ruter opp frå ulike kantar, og den som er omtalt her er den kortaste og mest brukte. Turen startar frå rv. 609 i Rørvika. Her er det parkeringsplass ved informasjonstavla på nedsida av vegen. Ein startar ved grinda og skiltet, på traktorveg opp til ei lita inngjerd kvie. Vidare går ein til høgre mot elva. Her går ein på bratt opp på venstre side av elva på tydeleg sti opp til Øykjeflata like ved toppen av Hengenipa. Herifrå går ein til høgre ved ein stor stein og så skrått opp lia mellom Svarthamrane til ein ny stor stein. Her er det vakker utsikt mot Førdefjorden. Stien går vidare opp lia forbi ei privat hytte, og her sluttar den tydelege stien.

Ruta går så i retning Rørviknipa på utydeleg sti til foten av nipa. Ein tek så til høgre langs hamrelaget, der det er litt varde, til ein kjem til Nipevatnet. Her ser ein topplatået på Blegja. Ein går først langs venstre side av Nipevatnet, så litt opp i fjellsida. Deretter kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til steinur i retning skaret mellom egga på Rørviknipa og Blægjaplatået. Lett klyving opp og 150 m. langs platået til varden på Blægja (1305 moh.). Her er det vidt utsyn frå hav til bre, Dalsfjorden og Førdefjorden.