Blåmåka // Flying Seagulls

- Alle born har rett til å leike ! Flying Seagulls er ein internasjonal organisasjon av scenekunstnarar som arbeider for å spreie leik, glede og teater til born i vanskelege situasjonar i heile...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

10.sept
2022
kl 13:30

Detaljer

  • Alle born har rett til å leike !

Flying Seagulls er ein internasjonal organisasjon av scenekunstnarar som arbeider for å spreie leik, glede og teater til born i vanskelege situasjonar i heile verda. Dei har prosjekter i 23 forskjellige land, og har mellom anna spelt mykje for born i flytkningleirer. Deira grunnholdning er at det å leike og le er ein menneskerett. Vi er difor særs glade for at desse sosialt engasjerte scenekunstnarane kjem til festivalen for å spele for born i Fjaler, og fortelje om arbeidet sitt rundt i verda.

Blåmåka er bussen til Flying Seagulls. Ein sprek veteranbuss frå 1983, bygd om til ein stor, fargerik scene. Når dei speler framsyninga si fyller dei scena med livlig balkanmusikk og helsprø klovnar, og publikum vert rivne med ei eit ellevillt show, der nesten kva som helst kan skje; det er det nemleg opp til publikum å bestemme.

Flying seagulls vil spele framsyninga si for born i 1.-4. klasse under Teatedag for born. På Festivlalaurdag speler dei ei framysning som passar for dei mindre borna med foreldre.

Av og med Flying Seagulls Norge.

Praktisk info

Enjoy-kode: 348271
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker