Black Debbath feirer 25 år!

Du er med dette invitert til å få kjøpe billett til Black Debbath sin jubileumskonsert. Det blir storslagen feiring av deira lange karriere, med så vel leikar som underhaldning. Dei beste og mest...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
31.okt
2024
kl 21:30

Detaljer

Du er med dette invitert til å få kjøpe billett til Black Debbath sin jubileumskonsert. Det blir storslagen feiring av deira lange karriere, med så vel leikar som underhaldning. Dei beste og mest evigaktuelle låtane frå heile ni studioalbum vil bli framført (var det nokon som sa «problemer innad i Høyre»?). Av aktivitetar kan nemnast; sekkeløp, blindebukk og hol i hatten. Jubileumsplata ‘Bortkastet hardrock vol. 1 (De første 25 årene)’ blir sleppt i høve jubileet. Den vil innehalde eit nøye kuratert utval raritetar, tidlegare utilgjengeleg på fysisk format, samt eit par splitter nye låtar. Alle som kjem på bursdagsfeiringa vil få kjøpe med seg eit eksemplar.

Helsing Black Debbath og Samvirket Scene

Kafé / bar med enkel servering frå 20:00. Legg Halloween-feriringa til Samvirket!

Band: (Bare) Egil Hegerberg, Aslag Guttormsgaard, Ole Petter Andreassen og Lars Lønning.

Praktisk info

Enjoy-kode: 539385
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.