star
star
star
star
star

Bjørsetstøylen frå Hegrenes

Start frå hyttefeltet på Hegrenes på Ålhus. Noko bratt terreng i starten, så flatar det ut eit parti der du går i koseleg skogsterreng. Du legg nesten ikkje merke til at det er bratt både ovanfor...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 895503
Ta av E39 ved Hegrenes. Køyr til toppen av byggefeltet. Hald fram vidare igjennom hyttefeltet der du parkerer ved vegens ende.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start frå hyttefeltet på Hegrenes på Ålhus. Noko bratt terreng i starten, så flatar det ut eit parti der du går i koseleg skogsterreng. Du legg nesten ikkje merke til at det er bratt både ovanfor og under deg. Når du byrjar på bratta igjen må du klyve litt eit par plassar, før stien slyngar seg fint opp til over skoggrensa. Når du kjem over skoggrensa får du fantastisk utsikt mot Jølstravatnet. Du ser Jølstravatnet mot Vassenden i vest, store delar av grenda Ålhus og inn mot Gotdalen, og Sandalen på motsett side av Jølstravatnet. Støylen ligg plassert slik at mange i Jølster meiner at dette er ein av dei finaste støylstomtene i heile bygda.Du tenker knapt på at rett under støylstufta er Skjersura, som det periodevis rasar steinar frå ned på E39.Turen opp tek ca 45-60 minutt opp.