star
star
star
star
star

Bjørsetstøylen

Bjørsetstøylen er ein av dei vakraste støylane i Jølster, og har utsikt til Grovabreen i aust og Storehesten i vest. Støylen har to sel og tre fjøsar, og står i dag fram som eit heilskapleg...
Foto: Ole Nilssen

Praktisk info

Enjoy-kode: 121308
Ta av E39 mellom Ålhus og Årdal opp til garden Ytste Bjørset.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
1 time
Lengde
2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Bjørsetstøylen er ein av dei vakraste støylane i Jølster, og har utsikt til Grovabreen i aust og Storehesten i vest. Støylen har to sel og tre fjøsar, og står i dag fram som eit heilskapleg kulturmiljø der bygningane i lita grad har vore modernisert etter at støylsdrifta vart lagt ned på 1950-talet. Det var dei tre bruka på Bjørset som dreiv mjølkestøyl her.

Denne turen startar i tunet (ved låvebrua) på garden Yste Bjørset, og har ei jamn bratt stigning heilt opp til støylen. Råka er tidvis noko steinete, og det kan vere enkelte blaute parti. OBS! Råka er feil merka i karta til Kartverket, og vi tilrår ikkje at du prøver deg på den.

I starten går du på innmark. Ver merksam på at det kan gå dyr på beite, og at det difor er kan vere straum i gjerder du må forsere. Følg traktorvegen opp frå tunet til grinda på øvste bøen - hugs å late att grinda.

Vidare går det skogsveg eit stykke, og du skal halde til høgre når vegen deler seg. Du vil etterkvart kome til ein stor stein (med raudt merke) på høgre sida av skogsvegen, og her skal du ta av. Råka går vidare i lauvskog langs eit jøl, før du til slutt møter på ei større råk og følgjer denne vidare.

Omlag halvvegs kjem du til ein tidlegare utmarksteig der du kan sjå ruinane etter ei utmarksløe. Det er flott utsikt mot grendene og fjella på sørsida av Jølstravatnet og Grovabreen på turen opp.

Når du er komen over tregrensa har du to val ulike val for trasé opp den siste bakken. Går du rett opp langs ryggen, får du ei fantastisk utsikt i det du når støylen. Altenartivt kan du gå ein mindre bratt trasé som svingar ut til venstre før du går oppover att.

På Bjørsetstøylen er det i dag mykje sau som beitar. Ta omsyn til dyra og ver venleg å ta med deg boss heimatt.

Det er fleire små bekkar med vatn undervegs, men i periodar med lite nedbør kan bekkane gå tørre. På støylen er det stort sett alltid vatn i bekk/oppkome i jølet aust for støylen.

Det eine selet på støylen vart totalrestaurert i 2013, og eigarane planlegg no å restaurere alle steinfjøsane på støylen.

Turbok i postkasse på det restaurerte selet. Her må du gjerne skrive deg inn - og så kan du lese litt meir om støylen.

Det er også mogleg å nå støylen frå Hegrenesåsen eller som lengre tur over Bjørsetfjellet frå Årdal.