star
star
star
star
star

Bjørnstigen 340 m.o.h

Følg traktorvegen oppover. Nesten framme tek du til venstre ved skilt. Her går turen over i sti. Bjørnstigen er eit ynda mål pga sin fine utsikt og unike historie. Første del av turen er lett og du...

Praktisk info

Enjoy-kode: 670526
Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Følg skilta 15,1 km til enden av Fjellgardsvatnet. Køyr over brua og ta til høgre ved skilt.
Det er god plass til parkering på høgre sida av vegen. Infotavle med tur oversikt står ved parkeringsplassen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg traktorvegen oppover. Nesten framme tek du til venstre ved skilt. Her går turen over i sti. Bjørnstigen er eit ynda mål pga sin fine utsikt og unike historie. Første del av turen er lett og du får Grunnavatnet på høgre hand. Her er gode fiskemuligheter og du vil finna ei perle av ein plass for bading i nedre del av vatnet. På veg oppover får du fin utsikt over Fjellgardsvatnet med rasteplass. Husmannsplassen Bjørnstigen under Roaldkvam, (no Ørekjerven), ligg tett innunder høge berg og her har folk heilt frå 1600 talet og fram til 1906 slite og strevd for føda. Huset brann ned på 1700 talet og då budde folka i ei hole oppe i ura (Madsa-stova), medan dei bygde nytt hus. Huset vart flytta ned til Ørnes i 1908, vart reve i 1989 lagra og restaurert og flytta tilbake att av eldsjeler i bygda i samarbeid med Mo skule og Falken 4H, eit stort prosjekt. Huset står på dei gamle murane, eldhus er restaurert og murane syner at fjosen var bygd saman med stovehuset. Steinhellene der kyrne stod ligg der den dag i dag. Returen kan gjerast inn til Botnavatnet. Ta til høgre over Sørelva, via Sjurstølen og heim, (5-6 timar). Ein kan og ta til venstre i Prestabotn og gå mot Etne(Kritle), under Bjørndalsvia. Til Sauda via Nore Bjørndalen eller til Tysseland via Søre Bjørndalen. Fottøy: Vanlege tette sko. Fjellsko om du tek turen vidare frå Bjørnstigen