star
star
star
star
star

Bjørndalsstøylen og Styggevatnet

Om du ønskjer å vandre i eit klassisk postkort av eit "stykke Noreg" er dette turen for deg! Turen startar ved Jølstravatnet med sti i skogsterreng langs Bjørndalselva. Eit stykke oppe går du over...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 863347
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Turstart i Sandalen ved "grushola".
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Om du ønskjer å vandre i eit klassisk postkort av eit "stykke Noreg" er dette turen for deg! Turen startar ved Jølstravatnet med sti i skogsterreng langs Bjørndalselva. Eit stykke oppe går du over på skogsveg eit stykke før du rett før støylane går på sti igjen. Bjørndalsstøylen har mange flotte støylshus, og ligg idyllisk plassert med utsikt mot Jølstravatnet. Beitande kyr mellom støylshusa får deg til å tru at du er del av ein reklame for norsk mjølkesjokolade :-)

Etter å ha passert støylshusa går du på god sti i slakt terreng eit stykke. I det terrenget flatar ut vert stien noko meir utydeleg. Terrenget er oversiktleg, lett og fint å gå i heile vegen. Innover mot Styggevatnet går du i koseleg dalterreng, med utsikt mot Isvassnipa og Styggevassegga. Heile vegen oppover passerer du små bekkar og elvefar som lagar "godlyd" på turen. For dei som likar å vasse og bade i fjellvatn er dette ein fin tur.

Turen opp til støylen tek 30-45 minuttar. Turen opp til Styggevatnet tek kring 1,5-2 timar.

Turen til Styggevatnet startar der turen til Fagrevatnet går. Like før du kjem til Bjørndalsstøylen tek du av stien mot Fagrevatnet, som er ein noko kortare tur å gå. Det er skilta der stiane kryssar kvarandre. Like etter du tek av stien går du over ei bru over elva. Det er sti også til Fagrevatnet, men denne er tidvis noko vanskeleg å skimte.