star
star
star
star
star

Bjoa - Kulturstien

Kulturstien på Bjoa er ei lita kulturhistorisk perle som høver ypparleg for turgåing. Langs stien som går delvis i krattskog og delvis langs sjøen, finn ein kulturminner frå bronsealderen (1500–...

Praktisk info

Enjoy-kode: 132991
Kjør til Bjoa og ta av ned til kaien på Utbjoa.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
2.2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Kulturstien på Bjoa er ei lita kulturhistorisk perle som høver ypparleg for turgåing. Langs stien som går delvis i krattskog og delvis langs sjøen, finn ein kulturminner frå bronsealderen (1500– f.Kr. - 500 e.Kr.) og høgmiddelalderen (1050-1350).

Kjem du frå Haugesund, kan du velja om du vil ta av i Isvik og kjøyra mot Vikebygd til Bjoa eller ta av i Ølensvåg mot Bjoa. Kjør til Bjoa og ta av til høgre ned til kaien på Utbjoa. Frå Ølensvåg tek dette om lag 20 minutt. Her er det god plass til å parkere. Før du startar turen er det lurt å ta seg tid til å lesa det som står på infoskiltet. Turen er delvis merka og stien vises godt i terrenget dei fleste stader. For å koma inn på sjølve kulturstien, må du gå attende rundt svingen og så første veg ned til høgre. Litt ned i bakken ser du kor stien går vidare. Turen går stort sett i lett småskog med lyng og over bergknausar. Litt våte parti store delar av året, men med gode støvler går det bra. Kulturminna ligg spreidde langs heile ruta. Du skal ikkje gå mange meter inn på stien, før du møter skålgroper i berget, og til høgre for desse ser du eit helleristningsfelt. Stien held fram fram om nausta, og like bak ligg fire båtopptrekk som syner godt i terrenget. Du går så vidare nokre meter på kjerreveg og så er du oppe i stien igjen. Følg denne til du kjem til eit steingjerde. Her deler stien seg og du kan velja kva runde du vil gå. Tek du til venstre, går du litt inn i marka og mot sjøen. På veg mot den første gravrøysa som ligg ned mot sjøen like ved Hovlandsstøa, finn du også eit helleristningsfelt. Turen går så vidare rundt neset i retning Bjoavågen. På rekke og rad ligg fleire gravrøyser og nok eit helleristningsfelt, om lag 2,5 meter opp frå sjøen. Etter å ha runda neset er du tilbake der stien delte seg, og du følgjer same ruta tilbake.Turen tek ikkje så lang tid, men skal du sjå deg om og studera kulturminna, er det lurt å ta seg god tid. Turen er lett å gå og høver godt for både store og små turgåarar, og ta gjerne med fiskestong om du likar å fiska.

Kjøretid: Haugesund – Bjoa via Ølensvåg: ca 65 min.

Haugesund – Bjoa via Vikebygd: ca. 50 min.

Parkering: Kaien på Utbjoa

Gangtid: ca 1,5 time

Fottøy: Sko som tåler vatn.

Informasjon: Opplysningsskilt på kaien.

Kart: Norge 1.50 000 1214 III Ølen fra Statens kartverk