BFK | 17.03.2021 | Visitor Q (2001)

INFO: Type: Spillefilm Originaltittel: ビジタ Visningsformat: DCP (1.33:1) Regissør: Takashi Miike Manusforfatter: Itaru Era Skuespillere: Ken'ichi Endô, Shungiku Uchida, Kazushi...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.mar
2021
kl 19:00

Detaljer

INFO: Type: Spillefilm Originaltittel: ビジタ Visningsformat: DCP (1.33:1) Regissør: Takashi Miike Manusforfatter: Itaru Era Skuespillere: Ken'ichi Endô, Shungiku Uchida, Kazushi Watanabe Produksjonsland: Japan Språk: Japansk Undertekst: Engelsk Lengde: 1 time 24 minutter

NOR: Endeleg er Takashi Miike tilbake på menyen hos Bergen filmklubb! I Visitor Q gjer Miike sin eigen vri på premissen frå Pasolini sin Teorema (1968), der ein mystisk framand forfører den eine medlemen av husstanden etter den andre, før han forsvinn like brått som han kom. Den i utgangspunktet dysfunksjonelle familien kjem saman igjen og liva deira er for alltid forandra. Som vanleg tar japanarane det eit hakk lenger, og det er etter alt å dømme den mest mislykka familien som nokon gong er vist på film vi møter her. Det er ikkje noko for sarte sjeler. Frå dette klarer Miike å kombinere mørk avgrunn, absurd humor og poetisk nestekjærleik til ei oppløftande historie.

Filmen er laga på fattige 70.000 $, men Miike snur dette til sin fordel ved å skape eit inntrykk av at amatør-DV-kamera er nærmare røyndom enn film. Under ein Reddit AMA (eit interaktivt nettforumintervju) blei Miike, som har laga over hundre filmar (deriblant Ichi the Killer), spurd kva for ein av filmane sine han ønska å bli mest hugsa for. Svaret var Visitor Q.

ENG: Visitor Q is Takashi Miike’s own take on Pasolini’s Teorema (1968), where a mystical stranger seduces one after another of the family household, only to disappear as suddenly as he arrived. The originally dysfunctional family is brought together, and their lives are changed forever. Miike takes it a step further, by starting from an extraordinarily dark place. From here he creates an uplifting story through his typical whimsical humor. Viewer discretion advised.

[ MER INFO ]

Praktisk info

Enjoy-kode: 684021
Type
Kino
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker