BFK | 02.05.2021 | DOBBELVISNING | Lux Æterna (2019) + Irréversible: Straight Cut (2002)

LUX ÆTERNA (2019) INFO: Type: Spillefilm Visningsformat: DCP Regissør: Gaspar Noé Manusforfatter: Gaspar Noé Skuespillere: Charlotte Gainsbourg og Béatrice Dalle Produksjonsland: Frankrike Språk:...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
02.mai
2021
kl 19:00

Detaljer

LUX ÆTERNA (2019) INFO: Type: Spillefilm Visningsformat: DCP Regissør: Gaspar Noé Manusforfatter: Gaspar Noé Skuespillere: Charlotte Gainsbourg og Béatrice Dalle Produksjonsland: Frankrike Språk: Fransk Undertekst: Norsk Lengde: 51 minutter

NOR: Gaspar Noé sin siste film, Lux Æterna, som først blei vist på Cannes i 2019, er hans mest personlege film så langt og både ein hyllest til og satire på filmbransjen.

Vi følger filmstjernene Beatrice Dalle og Charlotte Gainsbourg på settet til ein film om hekseprosessane. Vi er først på bakrommet der dei to på humoristisk vis utvekslar erfaringar frå filmbransjen, før opptaka skal begynne. Det er ikkje småting, sett i lys av #metoo. Når filminga kan starte og vi beveger oss inn på settet er det eit endelaust kaos av baksnakking, motarbeiding og sabotering av regissøren, som viser seg å vere Beatrice. Attpåtil er det regidebuten hennar. Dette kjem også overraskande på produsenten, som freistar å få ho sparka frå jobben.

Det heile er nokso tragikomisk og ein må berre anta at det er basert på Noé sine eigne erfaringar. Det er mykje å lese mellom linjene. I siste halvdel blir kaoset totalt og det er berre å ta på seg solbriller, og for epileptikarar å holde seg heime.

ENG: Gaspar Noé’s latest film is both an homage and a satire of the film industry. We follow the two film stars Beatrice Dalle and Charlotte Gainsbourg on the set of a film about the witch trials. As it turns out, Beatrice is actually directing, and it is her first time doing so. With the whole film set counteracting, slandering and sabotaging both the director and each other, the set becomes a chaos, that escalates to a complete breakdown. We can only assume it's based on Noé's own experience. Remember to bring sunglasses. Epileptics stay home.

IRRÉVERSIBLE: STRAIGHT CUT (2002) INFO: Type: Spillefilm Visningsformat: DCP Regissør: Gaspar Noé Manusforfatter: Gaspar Noé Skuespillere: Monica Bellucci, Vincent Cassel, Albert Dupontel Produksjonsland: Frankrike Språk: Fransk Undertekst: Norsk Lengde: 1 time 37 minutter

NOR: Frankrike sin enfant terrible, Gaspar Noé, har endeleg restaurert den store gjennombrotsfilmen sin, Irreversible, i 4K. Ikkje berre det, men filmen har også fått ny klipp. Noé meinte mange ikkje fekk med seg historia i filmen sitt originale omvendt-kronologiske format. Vi viser altså den nye "straight cut"-versjonen, som gjer filmen til ein spiral ned i avgrunnen heller enn ut av han.

I filmen følgjer vi Marcus (Cassel) og Pierre (Dupontel), hhv. Kjærasten og eksen til Alex (Bellucci), som er på hevntokt gjennom Paris etter at Alex har blitt brutalt overfallen i ein undergang. Marcus er eit menneske med følelsane på utsida og blir desperat i jakta på gjerningsmannen. Pierre er ein meir rasjonell akademisk type og prøver å roe ned Marcus, men den primale hjernen tar overhand.

Filmen er berykta for den grafiske skildringa si av vald og svimlande kameraføring. Noé styrer sjølv kamera og er også med som onanerande statist på den berykta nattklubben «The Rectum».

ENG: In this new 4K restoration of Gaspar Noé's Irreversible, the film is told chronologically as opposed to the original. This puts the story more in focus and makes the film spiral into the abyss rather than out of it.

In the film, we follow the more simple man, Marcus and the academic Pierre, respectably the lover and the ex of Alex, as they ravage through Paris on the hunt for the perpetrator after Alex was brutally assaulted in an underpass.

[ MER INFO ]

Praktisk info

Enjoy-kode: 645374
Type
Kino
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker