Belle Gunnes

Ei «true crime»-forteljing om tidenes norske seriemordar. Tidleg om morgonen 27. april 1908 brann ein gard i LaPorte i Indiana/USA ned til grunnen. I oska etter brannen låg leivningane av ei...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.apr
-
kl 14:00

Detaljer

Ei «true crime»-forteljing om tidenes norske seriemordar.

Tidleg om morgonen 27. april 1908 brann ein gard i LaPorte i Indiana/USA ned til grunnen. I oska etter brannen låg leivningane av ei vaksen kvinne og tre små barn. Lika blei raskt identifiserte som norskfødde Belle Gunness og barna hennar, og ved første augekast såg det heilt ut som ein ganske alminneleg tragedie. Heilt til ein nordmann på jakt etter broren sin begynte å grave i jorda.

Den norske utvandrarkvinna Belle Gunness blei kjent som ein av tidenes verste seriemordarar. Historia er både veldokumentert og gåtefull, men meir enn hundre år etter at den sjokkerte ei heil verd, har vi framleis ikkje fått svar på alle spørsmåla. I ei spesiell og intim teateroppleving rundt eit bord blir publikum invitert til å ta del i den historiske krimgåta.

Praktisk info

Enjoy-kode: 353268
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker