star
star
star
star
star

Bauvatnet

Frå p-plass gå 20 meter sti ned på parallell grusveg, følg grusvegen over brua og oppover mot setra Sigrona, det står eit gammal treskilt med pil mot Bauvatnet etter brua. Når vegen flatar ut går...
Foto: Katrine Aardal

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 520155
Ta av frå riksveg 15 mot Remmedalen 100 meter aust for Stårheim kyrkje, følg vegen oppover bygda, ikkje ta av mot Remmedalen i neste kryss, men fortsett rett fram. Vegen flata ut og du kjem over på grusveg, følg den rett fram til veienden/parkeringsplass. Her startar stien ned til venstre frå parkeringsplassen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå p-plass gå 20 meter sti ned på parallell grusveg, følg grusvegen over brua og oppover mot setra Sigrona, det står eit gammal treskilt med pil mot Bauvatnet etter brua.

Når vegen flatar ut går der ein sti opp til høgre, her står T-tur skiltet for å markere starten på stien. Stien passerer rett forbi ei hytte og fortset opp i skogen rett bak hytta. Herfrå er det god sti heile vegen. OBS! ein må krysse fleire svaberg som vert svert glatte når det er vått. Stien fortsetter oppover terrenget, rett før ein kjem opp på høgda svingar stien skarpt til høgre, her er det god sti som fortset rett fram og i feil rettning så ver obs her! det heng fleire turbotrimkort der for å markere kvar vegen går vidare. Herfrå følger ein ryggen austover mot Bauvatnet, boka ligg i nokre steinar opp på den minste av fleire store steinar som ligg i ei klynge ved vatnet.

Ved Bauvatnet er det fint å fiske, klatre og leike, so ta gjerne med god niste og nyt dagen her.

Ein normal trent voksen går denne turen på 45 min. Med unga bør ein rekne med å bruke 1-1 1/2 time alt etter alder og vilje.

Pr. 24/5-18 manglar klippar, men boka ligg her og kan signerast, samt at ein kan sjekke inn på Appen SjekkUT, der Bauvatnet ligg i lista T-tur Eid 2018.