Bare Egils Spellemannslag / Sommarteltet 2024

Dørene opnar kl 1900 Spelestart kl 2000 Bare Egils Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar rundt den humoristiske visekongen Egil Hegerberg. Frå før har...
07.jun
-
kl 19:00

Detaljer

Dørene opnar kl 1900

Spelestart kl 2000

Bare Egils Spellemannslag er det siste tilskotet til den absurde bandfloraen som kretsar rundt den humoristiske visekongen Egil Hegerberg. Frå før har han variantar som Bare Egil Band (berre Egil, åleine med gitaren), Ikke Bare Bare Egil Band Band (Egil med fullt backingband) og Bare Bare Band (der berre backingbandet spelar instrumentalversjonar av Egil sin musikk).

Bare Egil Spellemannslag er den mest rotnorske og tradisjonsklingande konstellasjonen hittil. Her skal Egil kvede og steve låtane sine til akkompagnement av felegnikk og folkemusikalske vendingar frå nokre av dei aller beste tradisjonsmusikarane i landet. Ikkje bli overraska om praten mellom låtane føregår på «tulletelemarksdialekt»!

«Bare Egil har kledd opp låtkatalogen sin i bunad og beltestakk, og det høres rett og slett veldig bra ut», skreiv Ballade.no sin meldar etter ein heidundrande konsert med Bare Egil Spellemannslag hausten 2019, under tittelen «Hverdagssurrealisme i kledelig folkedrakt».

Egil Hegerberg – vokal

Frode Haltli - trekkspel Roald Kaldestad – gitar, mandolin Tuva Syvertsen – fele, hardingfele Erik Sollid – fele, hardingfele Gjermund Silset – kontrabass

Praktisk info

Enjoy-kode: 677900
Type
Scene
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo