Detaljer
Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble blir til øyreopnande opplevingar som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019). Deira neste studioalbum med Chet på norsk kjem i 2024.
Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar | Erling Skorpen trompet Tore Flatjord trommer | Kjetil Jerve piano | Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass
Dørene åpnes klokken 18.00, konserten starter klokken 19.00. Inngang kroner 345,- (+ 25,- i avgift)
Alle rettigheter, lave skuldre og deilig stemning.
Foto: Morten Espeland