Babyomvising på Sunnnøre museum

Foreldrepermisjon? Bli med på omvising i utstillinga EG VAR HER! Tilrettelagt for deg med baby og barn opp til 2 år. Den første tysdagen i månaden legg vi omvisinga ekstra til rette for deg med...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
04.apr
2023
kl 12:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 389690
Type
Attraksjoner
Passer for
Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Detaljer

Foreldrepermisjon? Bli med på omvising i utstillinga EG VAR HER! Tilrettelagt for deg med baby og barn opp til 2 år. Den første tysdagen i månaden legg vi omvisinga ekstra til rette for deg med baby og barn opp til 2 år. Den tek om lag 35 minutt – der byssing, barnegråt og pludring høyrer med undervegs. Ta gjerne med bæresele. Eigen barnevognparkering i museumskafeen. EG VAR HER – stemmene frå Sunnmøre Sunnmøre - ein stad i verda. Nokon har kome, og nokon har reist herifrå. Kven var dei? På kva måte høyrer vi stemmene deira i dag, og kva fortel dei oss? I utstillinga nærmar vi oss menneska gjennom ting dei har halde i, bilete av andlet, film av rørsler og lyd av stemmer. I etterkant kan du nyte ein nykverna Jacukaffi og anna godt i museumskafeen. Her er det leikematte for dei aller minste og leikekrok for dei litt større barna. Vi varmar gjerne barnemat om du treng det. Stellerom både i 2. og 1. etasje. Velkomen til omvising - aleine eller saman med trillegruppa.

Kart